Temaet for årets verdiseminar på Vinjehuset laurdag 31.oktober kl.11.00-14.30 er Kyrkja,medmennesket og lokalsamfunnet i beredskapstida.
Laurdag 31.oktober inviterer Prostidiakonen i Vest-Telemark og Vinje kommune til det årlege Verdiseminaret
på Vinjehuset. Temaet for årets seminar er: "Ver budd.Alltid budd"., med fokus på korleis kyrkja,frivilligheita og lokalsamfunnet kan styrkje den menneskelege og sosiale beredskapen i ei uroleg tid.
I Totalforsvarsåret vert det ofte snakka om straum,vatn,matlager og naudetatar. Men beredskap handlar og om menneske. Tillit,omsorg,fellesskap og håp er ressursar som blir avgjerande når samfunnet møter kriser. Verdiseminaret ønskjer å setje søkjelyset på nettopp desse verdiane.
Sidan 2004 har Vinje kommune og diakonien i Vest-telemark samarbeidd om å arranger Verdiseminaret, som har blitt ein viktig møteplass for refleksjon kring aktuell samfunnsspørsmål.
Programmet byr på innlegg frå ei rekkje fagpersonar og aktørar innan kyrkje, beredskap,kultur og frivillig arbeid. Mellom dei medverkande er Per Gunnar Disch frå Universitetet i Søraust-Noreg, Jan W Ruud, fylkesberedskapssjef i Telemark, sokneprest Tor Eivind Erikstein, kultursjef Kristian Rantala og diakon Asbjørn Sagstad frå SPIR.
Etter pause med musikkinnslag vert seminaret avslutta med ei sofasamtale mellom representantar frå frivillige organisasjonar, kyrkje og kommune.Her blir det og samtale om korleis lokalsamfunna kan byggje motstandskraft, ta vare på dei som fell utanfor og styrkje samarbeidet mellom dei frivillige, kommune og kyrkje.
Seminaret er gratis og ope for alle interesserte. Arrangørane håpar mange vil nytte høvet til å delta i ei viktig samtale om kva det eigentleg betyr å vere budd,både som samfunn og som medmenneske.
Arrangør;: Diakonatet i Vest-Telemark og Vinje kommune.