DIAKONIPRISEN FOR 2026 VART TILDELA OSCAR J GARNES


DIAKONIPRISEN FOR 2026 VART TILDELA OSCAR J GARNES


Diakoniprisen for Vest‑Telemark 2026 blei delt ut under Diakonisamlinga i Kviteseid søndag 12. april 2026.

Prisen heidrar langvarig og tydeleg innsats for diakoni i regionen, og i år peikar Diakonatet på ein person som har sett djupe spor i både fagleg utvikling og lokalt arbeid for å sikre ei god diakonteneste i Vest-Telemark..

Gjennom eit langt og målretta engasjement har Oscar J. Garnes (78) vore ein sentral drivkraft for diakonien i Vest‑Telemark. Som styreleiar i Diakonatet i Vest‑Telemark i tretti år arbeidde han for å etablere og styrkje prostidiakonstillingar, fremje fagleg utvikling og synleggjere modellen for diakoni i grisgrendte strok. Rapporten «Prøveprosjektet for diakoni i Vest‑Telemark», som Garnes utarbeidde, var eitt viktig grunnlagsdokument for få til landets første prostidiakonstilling i 1985.

Diakoniprisen har sidan 1994 løfta fram eit mangfald av aktørar og tiltak som viser diakoniens mange sider — frå nattkaféer og ungdomsarbeid til hjelpearbeid og fengselsteneste. Prisen skal minne om både den stille trøysta og den aktive kampen for rettferd som ligg i diakonal arbeid.

Utdelinga under Diakonisamlinga blei eit godt høve for å feire Garnes sin innsats innan diakoni, og peikar på at også leiing og utviklingsarbeid, er ein viktig del av det diakonale arbeidet.

Prisen vart delt ut av noverande styreleiar i Diakonatet prost Asgeir Sele ( tv), og vart følgd av lang applaus.

Tilbake