Langfredag


Langfredag


På langfredag markerer kyrkja at Jesus vart torturert og krossfesta. Dagen har fått namnet sitt etter Jesu lange liding på krossen. 

Kyrkja er bygd på ei tru om at Jesus er både Gud og menneske, og at han er Guds son. Men medan han heng på krossen, ropar Jesus: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» (Markusevangeliet, kapittel 15, vers 34). Dette utbrotet viser Jesu redsle og dødsangst. Hendinga viser òg utfordrande sider ved kristendommen sitt gudsbilete. Tradisjonelt har krossdøden vorte framstilt som eit offer som forsonar Gud og menneske. Men slike forklaringar jamnar over erfaringar av å vere forlaten, vald og døden si meiningsløyse. Gudstenesta på langfredag skal romme liva våre slik dei er, også den djupaste fortvilinga, utan å kome med forklaringar og løysingar.

Etter at Jesus var død, tok romarane kroppen ned frå krossen. Liket vart sveipt i linklede og lagt i ei grav i nærleiken.

Gudstenestene på langfredag er gjerne prega av lesingar frå Bibelen sine forteljingar om Jesu liding og død.
Under gudstenesta er ikkje lysa på altaret tende. Fleire stader er det vanleg med uakkompagnert song, og at orgelet eller andre instrument ikkje blir brukte.

Heilt fram til for få år sidan var langfredag ein stille dag i samfunnet som heilskap.

Etter langfredag kjem påskeaftan. Kyrkjer over heile verda held dørene opne utover natta og ventar på feiringa av påskedagen.

Tilbake