I kyrkja startar påskeveka med palmesøndag, som er søndagen før påskedag. Den innleier det som gjerne vert kalla Den stille veka.
Påska i Vinje, sjå kalenderen: https://www.vinje.kyrkja.no/Kalender
PALMESØNDAG
I kyrkja startar påskeveka med palmesøndag, som er søndagen før påskedag. Den innleier det som gjerne vert kalla Den stille veka.
Jesus har vandra lenge omkring i Israel saman med læresveinane sine, han har lækt sjuke, vakt opp døde og fortalt om Gud på ein heilt ny måte. Sjølv om han fleire gonger har sagt til læresveinane at han vil lida og døy i Jerusalem, er han likevel på veg til byen for å feire påske.
Vi kan lesa om palmesøndag i alle dei fire evangelia. Alle tekstane fortel på nesten same måten korleis Jesus rir inn i Jerusalem på eit esel medan folket jublar, ropar Hosianna, som tyder «frels oss». Men det er berre i Johannes evangeliet at det står at folk vifta med palmegreiner. Dei andre tre evangelistane skriv og om om hendinga, men dei skriv at folk la klær på bakken, likevel kallar vi dagen for Palmesundag.
Her er teksten for Palmesøndag henta frå Johannesevangeliet kap 12, vers 12-19:
12 Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. 13 Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa:
Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn, Israels konge!
14 Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:
15 Ver ikkje redd, dotter Sion! Sjå, kongen din kjem, ridande på ein eselfole.
16 Dette skjøna ikkje læresveinane med det same. Men då Jesus var opphøgd i herlegdom, hugsa dei at dette var skrive om han, og at folket hadde helsa han på denne måten.
17 Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut av grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett. 18 Difor var det òg at folket drog ut for å møta han, for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet. 19 Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda spring etter han.»
Det meste av teksten og biletet er henta frå bibelselskapet.no/ismail reis