Feirar mangfald i Vinje kyrkje sundag 7. september


Feirar mangfald i Vinje kyrkje sundag 7. september


Heile Vest-Telemark er velkomne til mangfaldsmesse i Vinje kyrkje sundag 7. september kl. 19.

I invitasjonen skriv sokneprest Tor Eivind Erikstein:

Haldning og handling
Eit ope og likeverdig samfunn, der alle menneske kan kjenne seg inkludera, er noko ein må arbeide med heile tida. Haldningane våre viser vi i handlingar.

Derfor ikkje bare vil vi, men vi halde fram med å understreke likeverd og mangfald. Som kyrkje har vi eit oppdrag med å understreke at alle mennesker er skapt i Guds bilete.

Pride tyder å vere stolt!
Det handlar om å ta menneskeverdet på alvor, der den einskilde skal høyre at kvar og ein av oss har uendeleg verdi. Det er mange som har kjempa hardt for dette mangfaldet. Det er mange som framleis kjempar hardt for at menneske skal få lov til å elske den dei vil.

Retten kvar og ein har til å elske og bli elska, til å vere den ein er, er ein rett som ein ikkje kan ta for gitt, den må vernast om - igjen og igjen og igjen!
Alle gode krefter må gå saman om det. Slik kan ein skape eit opnare og betre samfunn med plass til alle.

Velkomen til mangfaldsmesse!
Nok ein gong: Velkomen til gudsteneste i Vinje kyrkje sundag 7. september kl.19!
Vi håpar å sjå folk frå heile Vest-Telemark.

Tilbake