Velkomne til å vandre med håp 2025.
Tysdag 26.august er det start frå Fjellstad i Vågslid kl.10-30 (mrk tida).
Det er valår iår så ein startar med politisk ordskifte med representantar frå dei fleste partia i Telemark.
Debatten er i samarbeid med Vest-Telemark Blad ,redaktør Øystein Øygarden leiar samtala og den vert strøymd.
Temaet er kva politikerane gjer med psykisk helse.
Etter møtet reiser me opp til Prestegård,og tek til å gå. Etter vandringa møter ein buss oss ved Ulevå og køyrer oss til Fjellstad, der me et middag. Høve til å overnatte på Fjellstad og Skisenteret i Vågslid.
Onsdag 27.august start frå Ulevå kl.10. Går til Dyreskar.
Torsdag 28.august start ved Svandalsflona kl.10. Framme i Røldal mellom 15-16.
Middag på Skysstasjonen.