I ein nesten fullsett festsal på Vinjehuset feira deltakarar frå kyrkjelydar i heile Vest-Telemark at det er 40 år sidan den første prostidiakonen, Per Emanuelsen, vart tilsett. Han var her i nesten seks år, før dagens prostidiakon Eilev Erikstein overtok.
Representanter frå kyrkjelydane i heile Vest-Telemark hadde funne vegen til Vinjehuset denne sundags ettermiddagen då Prostidiakonatet i Vest-Telemark skulle feirast. Samarbeidet kom i stand som eit kommunalt samarbeid den gong kommunane var arbeidsgjevarar for dei lokalt kyrkjeleg tilsette. I si helsing peika prost Asgeir Sele på at dette kanskje var forløparen til mykje anna godt formelt samarbeid i regionen.
Den lokale gruppa KNOT, supplert med organist Robertas Lamsodis, starta festen med eit knippe Bjørn Eidsvåg-songar. Ein konsert som prostidiakon Eilev Erikstein presenterte som ei gåve til alle i salen som på ulikt vis hadde bidrege til at diakonatet hadde vore livskraftig i 40 år. Etter det var det eit kraftfullt foredrag av Per Emanuelsen etterfulgt av helsingar m.a. frå prostidiakonen i Otradalen prosti (Øvre Setesdal) og diakonikonsulent i Agder- og Telemark bispedøme. Det vanka og helsingar og blomar frå sokneråda, mellom anna ein prilegrimsstav frå Rauland/Møsstrond og Øyfjell sokn, overrekt av Wenja Rui.
DEN FØRSTE PROSTIDIAKONEN
Kristiansandaren Per Emanuelsen kom til Vest-Telemark i 1985 for å bygge opp landets fyrste prostidiakonstilling. Kyrkjefolka i Vest- Telemark skjøna at ein kvar for seg var for små, men gjennom samarbeid og solidaritet kunne ein få til ei fagstilling på eit viktig arbeidsområde i kyrkja.
Etter seks år i Vest- Telemark bygde han opp liknande stillingar i Otredalen prosti og jammen rakk han nokre år i Aust-Nednes prosti, også.
Han blei ein diakon på hjul, sa styreleiar for Prostidiakonatet i Vest- Telemark Gunnar Øverland då han dela ut diakoniprisen for 2025 til nettopp Per Emanuelsen, - «ein diakon som var på farten, som nytta tida til å bygge relasjonar ved å stikke innom, dukke opp og møte folk. Møtte folk der dei var, på dei naturlege møtestadene i bygdene. Ved eit 40- års jubileet kan ein glede seg over at det vart ei stilling den gongen.»
Vest-Telemark-modellen i diakoni har vore modell for likande slike stillingar - i Søndre-Follo prosti, Ringsaker prosti, Karmøy prosti og Stavanger domprosti.
Dette var 22 gong Diakoniprisen for Vest- Telemark vart delt ut.