Håp i ein skog - utstillingsopning og kaffiseremoni


Håp i ein skog - utstillingsopning og kaffiseremoni


Vest Telemark museum sundag 10.03.24 kl 16:00 - 18:00

«Skog og plantar er årer og klede i vår verd. For å ta vare på essensen og vitaliteten i vår verd, må vi prioritere stell og vern av skog.» (Patriark Abune Mathias I, november 2023)

I samarbeid med prostediakonen i Vest-Telemark og Tokke bibliotek inviterer Vest-Telemark museum til etiopisk kaffiseremoni og opning av fotoutstilling. I to år har Kirkens nødhjelp saman med lokale aktørar og norske styremakter jobba fram eit unikt klimaprosjekt i Etiopia.

Dei ortodokse kyrkjene, klostrane og moskear i Etiopia er tradisjonelt omgjeve av skog. Dei ortodokse kristne seier at ei kyrkje må kunne puste, og at skogane rundt er lungene. Desse stadane fungerer òg som frøkvelv og ein stad der sjeldne dyr og plantar kan overleve. Ved hjelp av ein eigen «kyrkjeskogmetode» gjerast no eit stort arbeid for å ta vare på skogane rundt kyrkjene.

Utstillinga består av unike fotografi frå kyrkjeskogane, teke av den etiopiske fotografen Hilina Abebe.

Utstillinga vil stå ved museet fram til 24. mars. Grupper kan ta kontakt med museet om dei ønskjer å sjå utstillinga.

Program for tilstellinga:
Opning ved prosten i Øvre Telemark, Asgeir Sele
Innlegg ved:
Lisbeth Guren, forskar på kyrkjeskogane ved MF vitenskapelig høyskole,
Siv Bonde, leiar for Nettverksseksjonen i Kirkens nødhjelp,
Tesfaldet Ghebrehiwet, fribygdforfattar i Tokke kommune,
Morten Elgaaen, skogbruksrådgjevar i Tokke kommune.
Det blir elles ein typisk kaffiseremoni, slik ein finn i Etiopia og Eritrea.

INNGANG: GRATIS

Les meir om kyrkjeskog-prosjektet her: Kirkeskoger mot klimaendringer

Tilbake