Vinje kyrkjelege fellesråd > Artikler > Nyheter

KYRKJEKONTORET ER STENGT.

KYRKJEKONTORET ER STENGT.

For å hindre spreiing av koronaviruset held kyrkjekontoret stengt inntil vidare.

Dei tilsette på kyrkjekontoret vil ha heimekontor og kan kontaktast på e-post eller telefon.

Alle kyrkjelege arrangement er og utsett. Gudstenester og andaktar er utsett minst til over påske.

Gravferder vil gjennomførast med begrensing på antall deltakerar , avhengig av kva kyrkje gravferda vert halden. I Vinje er talet 20 personar. Reiknar ein med prest , organist og kyrkjetenar er det reelle talet 17.

 

Mange vil sikkert sakne å gå på gudstenester og andaktar. Den norske kyrkja har difor lagt ut lenker der de kan gå inn og finne ein oversikt over mange tilbod ein kan nytte seg av.

Lenkene finn du her.

På heimesida til Den norske kyrkja kirken.no vil ein og finne oppdatera informasjon.

Skulle du ha spørsmål eller treng du å ta kontakt med oss kan me treffast på e-post (e-post adressene finn du ein annan stad på heimesida) eller på telefon.

Kyrkjeverja Kjell Magne Grave  tlf: 481 20 117  Sokneprest Tor Eivind Erikstein tlf: 952 37 673. Prostidiakon Eilev Erikstein tlf: 911 13 580. 


Del denne artikkel på e-post