Vinje kyrkjelege fellesråd > Artikler > Nyheter

Soknerådstreff på kyrkjekontoret.

Soknerådstreff på kyrkjekontoret.

Onsdag 23.januar var det samla borimot 20 personar frå sokneråda til bli kjent og opplæringskveld på kyrkjekontoret.

 

I tillegg møtte prostidiakon Eilev Erikstein , kyrkjeverja, kyrkjesekretæren Reidun Nystog og sokneprest Tor Eivind Erikstein.

Det vart informert om arbeidsoppgåvene til fellesrådet og sokneråda. Sokneråda er motoren i kyrkjelydsarbeidet.Difor er slike treffpunk nyttige slik at ein kan utveksle erfaringar sokna imellom. Sokneråda hadde og spørsmål som vart drøfta.

Dette samt kaffe og skulebollar frå Kvito gjorde at det blei ein triveleg kveld.


Del denne artikkel på e-post