Vinje kyrkjelege fellesråd > Artikler > Nyheter

Verdiseminar Vandring med von.

Verdiseminar Vandring med von.

Verdiseminar i Vinje kyrkje.

Årets verdiseminar vert halde i Vinje kyrkje laurdag 2.november kl. 14.00.

Tema i år er VANDRING MED VON. 

Me startar først med at det nye kyrkjekontoret på Vinjar held ope for publikum frå kl.13.00.

Kl.14.00 vert det vandring frå det nye kyrkjekontoret til Vinje kyrkje. Ei vandring på 700-800 meter med lesing av tekstar og dikt undervegs. Som det høver seg laurdag før Helgemesse.

Program i kyrkja kl.16.00-18.00

- Opning med ordførar Jon Rikard Kleven

-Trøyst og von i dette  hus ved sokneprest i Tokke og Vinje Tor Eivind Erikstein.

- Song om trøyst ved Sondre Bratland.

- Elles vil kulturarbeiderane Nina Svendsen og Vegard Omdal dele songar og ord til trøyst.

- Organist Robertas Lamsodis spelar musikk som høver på ein Helgemesselaurdag.

ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE !!!! 

 

Arr: Vinje kommune , Prostidiakonatet i Vest Telemark , kyrkja i Vinje og Vinjesenteret.                                       


Del denne artikkel på e-post