VERDISEMINAR 2016

VERDISEMINAR 2016

        Møte med Den Andre i Vinje                                             .

MØTE MED DEN ANDRE I VINJE

Tradisjonar er viktige i Vinje.Sidan 2004 har kyrkje og kommune arrangert eit årleg Verdiseminar.Tema har vore vidtfemnande,men det har vore eit mål å lyfte fram saker som ikkje andre tek opp.Sære seminar vil nokon kalle det.Legg ein saman alle som har vore innom desse åra,er ein nær 900 deltakerar

I år var temaet Den Andre eller Den Are som det heiter på Vinjemål.

Førti menneske hadde sett av denne laurdagsføremiddagen i november for å høyre tankar og ord om tema.

Ann-Magritt Austenå frå NOAS gav fyrst eit overblikk over norsk asylpolitikk dei seinare år. "Det har vore mange svingar i denne politikken" ,sa ho.

Så delte Tone S Garnes kulturarbeidar og tidlegare flykningekonsulent røynsler frå den tida Vinje tok imot sine fyrste flyktningar. "Det handla om å setje dei rette folka i kontakt med kvarandre",reflekterte ho.

Dei nye prestane i Tokke og Vinje Tor Eivind Erikstein og Bjørn Nome delte sine tankar om dialogarbeid frå Brussel og Groruddalen. Nome sa "Me er alle papirlause menneske som treng å bli møtt som nokon ,som eit subjekt" ,sa den tidlegare sjømannspresten.

Medan Tor Eivind Erikstein oppmoda alle til å våge ordskiftet,og om det er vanskeleg.Slik kan ein og møte Den Are" ,sa soknepresten i Tokke og Vinje.

Avslutninga stod diakon i Sauherad Ivar Solbu for.Han gav gode dømer på møter med Den Are gjennom si 40-årige teneste som diakon.

Som vanleg var det Vinjeordføraren Jon Rikard Kleven som opna seminaret. Han sa at dette seminaret var noko han gleda seg til heile året. "Dette er vorte ein viktig møteplass i Vinje" sa han.

 

 


Del denne artikkel på e-post