Vigsel

Par som ynskjer å gifta seg i kyrkjene, må ta kontakt med kyrkjekontoret i god tid på førehand for å avtala tidspunkt. 

I tillegg må brudeparet ordna alle vigselspapir hjå Folkeregisteret. Dette bør gjerast minst éin månad før vigselsdatoen og seinast to veker før. Presten ynskjer alltid å ha ein samtale med paret som skal gifte seg og vil øve saman med dei på det som skal skje i kyrkja.

Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå bryllaupsfølgjet ved enkelte av dei liturgiske ledda, og det kan vera tillegg til handlinga i form av musikk eller høgtlesing. Blant dei kulturelle innslaga kan det òg opnast for element som understrekar den etniske bakgrunnen til brudeparet. Der den eine parten tilhøyrer eit anna kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja, kan det etter godkjenning av biskopen opnast for deltaking frå vedkomande kyrkjesamfunn. Både når det gjeld medverknad frå andre kyrkjesamfunn og kulturelle innslag, skal desse tilpassast den gudstenestlege karakteren til vigselshandlinga og ikkje bryta med trusgrunnlaget i Den norske kyrkja.

Innslag som kjem som tillegg til liturgien, kan plasserast etter ledd 9 Forbøn.

Sjå oversikt over vigselliturgien her.

Vigsel i kyrkjene i Vinje kommune kostar ikkje noko for kyrkjemedlemmer som er eller har vore folkeregistrerte i Vinje.
Andre må betale for leige av kyrkja, organist og prest etter gjeldande takstar.
Meir informasjon om dette kan ein få ved å vende seg til Kyrkjekontoret.