Dåp

Når vi får melding om at eit medlem i kyrkjelyden vår har fått barn, sender vi ut invitasjon til dåp. Dei fleste born vert døypte før dei er tre månadar gamle, men også store born og unge vert døypte.

Dåpen ei gåve.
Dåpen er ei heilag handling, der Gud tek imot barnet  som sitt barn og tek det inn i sin truande kyrkjelyd. I dåpen gjev Gud sin Heilage Ande til barnet og let det få del i frelsa.

Korleis kan vi følgje opp dåpen?
Dåpen markerer innleiinga til eit liv i tru på Jesus. Skal denne innleiinga halde fram, må trua få høve til å vekse og modnast etter kvart som barnet veks opp. Vårt mål er at barnet etter kvart skal få lære Gud å kjenne og få oppleve glede og tryggleik ved å be til Gud.

Det er med tanke på dette dei som ber barnet til dåp, blir spurde om dei vil at barnet skal bli opplært i kristen tru. Mange er nok usikre på denne oppgåva. Greier vi dette? Då er det viktig å vite at spørsmålet til foreldra og fadrane ikkje er eit spørsmål om kva dei maktar, men om kva dei ønskjer. Dei er heller ikkje aleine om oppgåva. Kyrkjelyden vil gjerne gje støtte og hjelp til dykk som foreldre, til dømes gjennom framlegg til bøker, songar, bøner osb. Familiegudstenester og det arbeidet kyrkjelyden driv for born, unge og foreldre, høyrer óg heime i denne samanhengen.

Melding om dåp
Ynskje om dåp må meldast til kyrkjekontoret i god tid før dåpsdagen, slik at den presten som skal døype barnet, kan få gjort ein avtale om samtale med foreldra.

Fadrar
Ved dåpen skal barnet ha minst to fadrar. Fadrane må ha fylt 15 år og vera medlem av Den norske kyrkja, - eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåpen. Når de skal velja fadrar, så tenk på at det bør vera nokon du og barnet kan ha tillit til. Tenk på at fadrane skal vera nokon som kan hjelpe dykk med å oppdra barnet i kristen tru.

Elektronisk påmelding til dåp

Du kan nå selv melde deg på til dåp. Her kan du se hvilke sundager det er dåp i våre kyrkjer, og skrive inn all informasjon vi treng for at barnet skal bli døypt.

Klikk her for å gå videre.