DIAKONIPRISEN 2019

DIAKONIPRISEN 2019

Diakoniprisen 2019 gjekk til Skogsleiren i Fyresdal.

DET ER MENNESKET SOM ER VERDIEN

 

Jesus nemner i Matteus 25 seks diakonale gjerningar me alle blir utfordra til.

Mellom dei er å besøke folk i fengsel. Det har kyrkjelyden i Fyresdal gjort i 35 år.

 

Stadig har det kome kaker og vitjingar til leiren frå bygda.

Men dette går også andre vegen.

 

Sist sommar var det ein stor leiteaksjon i Fyresdal. Då sendt leiren ei kringle til Raude Kross og Kriseteam.

 

For halvanna  år sidan var det to innsette som ville gje noko tilbake til Fyresdal, som takk for god soning. Slik vart Moland kyrkje vaska ned.

 

Det fins mange slike døme på at leiren er ein viktig institusjon i Fyresdal. Som kyrkje har me i alle år kunne glede oss over å sjå innsette i kyrkja. 

 

Skogsleiren ein god stad for innsette, der dei får sosial trening , lærer  arbeidsteknikkar og møter gode tilsette. Godt skolerte tilsette med eit sterkt ønske om å hjelpe folk vidare i livet.

 

Det er mennesket som er den store verdien. Det er menneske me er sett til hjelpe fram, slik dei gjer i Skogsleiren.

 

Det er dette det handlar om. At folk kjenner at dei er verdifulle.  Sonar , gjer seg ferdig med straffa og  kjem seg vidare med livet. 

 

Diakoniprisen for 2019 går til  tilsette og innsette i Arendal fengsel, avdeling Kleivgrend

 

Dei deler denne prisen fordi  dei saman skaper eit unikt og verdfullt soningstilbod med mennesket i sentrum.


Del denne artikkel på e-post