KULTURKVELD I GRUNGE KYRKJE

KULTURKVELD I GRUNGE KYRKJE

Laurdag 27.okt. kl. 19.00 vert det konsert i Grunge kyrkje.

   KONSERT I GRUNGE KYRKJE LAURDAG 27.OKT. KL. 19.00

                        

 

Haustens kulturkveld vert ei stor musikalsk oppleving av folketonar med

                            SONDRE BRATLAND,

truleg vår fremste formidlar av folkesong. Sondre har eit heilt liv funne og samla folkesongar frå alle krikar og krokar av landet vårt og delt dei med stor glede og innleving på utallige konserter, på alle slag scener, i nye, moderne samklangar og samanhenger, samt på ei rekkje cd-innspelingar, og ikkje minst ved å la unge utøvarar raust få ause frå hans velfylte ”skattkammer”. Folkesongar er levande og skal leve! Ein kan trygt seie at Sondre har gjeve nytt liv til folkemusikken og songen og sørgja for at den vil fortsetje å leve og bløme i nye generasjonar!

                                    NEON VOKAL,

ei vokalgruppe frå Skedsmo, leia av Ingrid A. Danbolt, er blant dei som aktivt bruker folkesongane og gjev dei nye uttrykk med spennande, leikne arrangement på eit høgt musikalsk nivå. Dei 12 songarane frå 17 til 23 år, deltok i NM i kor i fjor haust, både i klassa for vokalgrupper og ungdomskor, og vann båe! I juli i år, vann gruppa gull i folkemusikklassa i World Choir Games i Sør-Afrika, mellom anna med eit spanande joikearrangement!

 

Me gler oss stort til ein folketonefestkveld i Grunge kyrkje med

SONDRE BRATLAND og NEON VOKAL.

Med på laget, er óg vår dyktige organist ROBERTAS LAMSODIS.

 

Arr: Grungedal sokneråd.

Kulturkvelden er del av Kulturårshjulet til Vinje kommune og støttast av Folkeakademiet i Vinje. Inngang kr 200.

 




 

Overskotet går til nytt orgel i Grunge kyrkje


Del denne artikkel på e-post