GRØFTING PÅ KYRKJEGARDANE I VINJE OG ØYFJELL.

GRØFTING PÅ KYRKJEGARDANE I VINJE OG ØYFJELL.

I desse dagane vert det utført grøfting på kyrkjegardane i Vinje og Øyfjell.

Grøftinga har starta i Vinje. Der har me i samarbeid med Vegvesenet grøfta frå E-134 og opp forbi kyrkjegardsporten. Her har det vore mykje søylevatn i mange år , så det var på tide å få meir fast grunn under føtene. Det skal og etterkvart grøftast vidare langs vegen frå porten og opp mot kyrkja. Ein håpar desse tiltaka er nok til å få bukt med væta.

I Øyfjell skal me grøfte frå opphaldsromet/reiskapshus og ned til kummen ved kyrkjegardsmuren. Denne kummen er idag tett og skal opnas slik at me kan leggje rør gjennom muren og ut i bekken.Me har hatt utfordringar med mykje vatn på delar av den nye kyrkjegarden. Ein vil fyrst sjå korleis dette tiltaket fungerar før ein ser om ein må grøfte meir.

 


Del denne artikkel på e-post