Fullsett Karten Fjellkyrkje

Fullsett Karten Fjellkyrkje

Det var mykje folk på Karten i påska.

 

Fullsett Karten Fjellkyrkje

 

Omlag 120 personar gleda seg i ein strålande 1. påskedag på Karten. I godt og vel 35 år har Karten Fjellkyrkje vore» pilegrimsmålet" for spreke påsketuristar.Inne var det heilt fullt, og ute sat ein fin flokk som fylgde messa over høgtalar.  i år var det misjonsprest Jan Ivar Nilsen som heldt preika. Skriftlesar var Linn Sigrid Bratland, og son hennar, Jakob, var kykjetenar. Sondre Bratland var trufast til stades med sin song,og eldste son, Andreas, var orgeltrøar. Elisabeth Bratland ynskte velkomen, og sto for kaffikoking.Kjøkkengjengen serverte varm saft og kaffi til glade gjester som la att 4700 kr i kollekt til drift av Karten.

 

Skirtorsdag var det også fullsett på Karten. Godt og vel 100. Fjellprest Bjørn Nome preika og forretta nattverd, Agnar Bratland var skriftlesar, Robertas Lamsodis var organist, og Tone Edland var klokkar og sto for det praktiske ellers. Kollekten denne dagen gjekk til Tria-og Ulvearbeidet.

 Sidan Karten er einaste fjellkyrkja i Vinje, er det å vone at dei som har politisk ansvar, har vilje til å sttø opp om framtida for dette huset på Bykleheia som er reist på dugnad etter tiltak frå det som i si tid var speidartroppen på Edland. Det er i alle fall tydeleg eit kjært samlingsunkt for både fastbuande og turistar.


Del denne artikkel på e-post