GUDSTENESTE OM TRAFIKKTRYGGLEIK

GUDSTENESTE OM TRAFIKKTRYGGLEIK

Kyrkja og vegen.

E134 mellom Vinjesvingen og Åmot er ei vegstrekke som har vore særleg utsett for ulykker. Sundag 11.03.2018 vart det halde gudsteneste om trafikktryggleik i Vinje kyrkje.

 

 

Kyrkja i Vinje ser det som ei diakonal utfordring å setja fokus på kva manglande trafikktryggleik medfører av liding både for dei som vert direkte ramma, for deira pårørande og for dei som har som oppgåve å hjelpe til når ulykka er ute. Difor fekk dei med seg Vinje kommune og "Liv i Vinje" til ei markering.

Ved markeringa sundag 11.03.2018 var det først folkemøte på Vinjar, der innsatspersonell frå ambulansetenesta, brannvesenet, psykososialt kriseteam, brøytemannskap og bilbergarar var til stades. Etter møtet var det fakkeltog langs europavegen, der konfirmantane i Vinje også var med og gjekk fram til Vinje kyrkje, der det vart halde gudsteneste. Sokneprest Tor Eivind Erikstein og prostidiakon Eilev Erikstein hadde også fått med seg Ingvild Lilletvedt Nordstoga til å syngja under denne gudstenesta.

Publisert 11. mars 2018 av Asgeir Sele. Foto: Kyrkjeverja i Vinje


Del denne artikkel på e-post