Kyrkja på yrkesmessa 2018

Kyrkja på yrkesmessa 2018

Kyrkja i Tokke og Vinje var på plass på yrkesmessa 2018.

Det var til tider folksomt på standen som kyrkja i Tokke og Vinje hadde på yrkesmessa på Vest Telemark vidaregåande skule på Dalen torsdag 1.februar.

Prestane og ungdomsprest Petter Jakobsen samt kyrkjelydspedagog Stine Beate M Ljostad deltok. Robertas spela på trøorgel til stor glede for dei som gjekk forbi.

Det var mange ungdomar som stoppa opp ved standen og svara på Quiz og for å slå av ein prat. Popcornmaskina var og populær. Den gode lukta av nypoppa popkorn fekk stor merksemd og ungdomane forsynte seg gladeleg.

Dette er eit flott tiltak som me må halde fram med!!

 


Del denne artikkel på e-post