Verdiseminar om norske verdiar.

Verdiseminar om norske verdiar.

Godt oppmøte på verdiseminar om norske verdiar.

Tradisjonar er viktig i Vinje. Sidan 2004 har kyrkje og kommune arrangert eit årleg Verdiseminar. Tema har vore vidt femnande, og det har vore eit mål å lyfte fram saker som ikkje andre tek opp. Sære seminar vil nokon kalle det.

I fjor handla det om korleis vi kan møte Den Andre. I år var tema " Norske verdiar, kva er det? Fins dei? ".

Femti menneske hadde sett av sundagen på Vinjehuset for å delta på det 14. Verdiseminaret.

Det var stor spennvidde i innleierane. Ein prost og ein pater , ein muslim frå Vinje og Somaliland og leiar av Mellomkyrkjeleg råd. Innimellom det heile lyfta Sondre Bratland fram den fellesverdien som ligg i songen.

Når diakoni er fellesskap , noko dei store kyrkjesamfunna er saman om, passa det bra å starte dagen med Diakonimesse for Vinje og Tokke. Her held Dominikanarpater Haavar Simon Nilsen preika. Pateren vaks opp på Åmdals Verk , og kjende turen til Vest - Telemark som å koma heim.

Teksten han tala ut frå handla om læresveinane som hadde forlate alt. Dei spurde seg :"kva får vi att?". Ord som passar godt til ein munk som ikkje eig anna enn drakta han står og går i, og elles deler alt med sine brør.

Etter gudstenesta snakka prosten i Øvre-Telemark Asgeir Sele om "korleis verdiar klyngar seg saman og blir fellesverdiar". Så må kvar og ein av oss finne ut kva slags verdiar me har i botn av livet , sa prosten.

Kultur -og idrottskonsulent frå Tokke Hassa M Samhale var oppteken av at det er meir som er likt mellom menneske enn det som skil.

Dominikanar Haavar Simon Nilsen hadde fått tema "Vår fellsekyrkjelege arv som fundament for norske verdiar. Det ligg ein fare i at kristne tek ei offerrolle i eit pluralistisk samfunn. Det høver seg ikkje for nokon som trur på den oppstandne Kristus, sa han.

Leiar i mellomkyrkjeleg råd Berit Hagen Agøy spurde om innvandringa trugar våre norske verdiar? Nei , meinte ho. Dei fleste kjem frå land med kristen kultur. Vår frykt handla ofte om muslimar. det er viktig korleis vi tek vare på dei som kjem. Det er utanforskapet som skapar problem. Vi må gje menneskjer arbeid , og inkludere dei.

"Desse verdiseminara er me i kommunen glade for å vera med på" , sa varaordførar i Vinje Øystein Høgetveit som opna seminaret.


Del denne artikkel på e-post