Takk til Svein prest og Anne

Takk til Svein prest og Anne

Svein Ringhus vart sundag 22.10.17 takka av som prest i Vinje

Sundag 22. oktober , på sjølvaste Hausttakkefesten , med ei kyrkje full av folk og med bugnande bord med frukt og grønsaker , blei Svein og Anne takka av for lang og tru teneste for kyrkjelydane i Nesland , Vinje og Grunge.

Svein prest,som han fort blei nemd , starta tenesta i Vi nje i oktober 1998. Saman med Anne kom han då frå Kroken i Drangedal , der Svein hadde vore kapellan i fire år. Før det hadde han arbeidd for Misjonsselskapet i Nord-Noreg , etter den obligatoriske feltpresttenesta.

Svein blei takka av av prost Asgeir Sele , med helsing og handtrykk frå biskop Stein. Frå sokneråda og kyrkjeleg fellesråd kom det både helsingar , gåver og blomar, mellom anna eit bilete av Reidar Kolbrek og skål og kaffeglas, med namna deira  , laga av Gerd Danbolt Svalastog.

Prosten understreka at om Svein no hadde avslutta 19 år som prest i Vinje , bar han med seg ordinasjonen vidare inn i pensjonisttida.

 


Del denne artikkel på e-post