Køyrer buss til reformasjonsfesten.

Køyrer buss til reformasjonsfesten.

Når heile prostiet samlast til reformasjonsfest på Notodden siste sundag i oktober vert det sett opp buss frå Åmot.

Når heile prostiet samlast til reformasjonsfest på Notodden siste søndag i oktober, vert det sett opp buss frå Åmot.

 

 

Soknepresten Tor Eivind Erikstein i Tokke og Vinje er sjåfør for bussen som skal ta vest-telane til reformasjonsfesten. Det kostar kroner 100,- per person for å vera med tur retur, og det vert mogeleg å stiga på både i Åmot, Høydalsmo, Brunkeberg, Seljord og Flatdal. Rutetida er som følgjer:

08.00 Åmot bussterminal
08.20 Høydalsmo kyrkje
08.40 Brunkeberg kyrkje
09.00 Seljord kyrkje
09.15 Flatdal (ved Spar)

Det er 48 seter i bussen, og det er første mann til mølla. Påmelding skjer direkte til sjåføren på epost tor.eivind.erikstein@vinje.kommune.no eller telefon/SMS: 952 37 673. Betaling skjer i etterkant på Vipps eller giro.


Del denne artikkel på e-post