Festdag i Rauland kyrkje

Festdag i Rauland kyrkje

To tilsetjingar i Tokke og Vinjekyrkjene.

Søndag 17.09.2017 fekk kyrkjene i Tokke og Vinje to nye medarbeiderar.

Ruth Miriam Kolstad Varhaug vart innsett som ungdomsprest og Stine Beate Mondal Ljostad var tilsett i 30% stilling som kyrkjelydspedagog.

Ei godt besøkt Rauland kyrkje helsa begge velkomne. Etter messa der Ruth Miriam sto for preika var det kyrkjekaffe med helsningstaler til dei nytilsette.

Me ynskjer dei lukke til med arbeidet .


Del denne artikkel på e-post