KONFIRMANT PÅMELDING

KONFIRMANT PÅMELDING

Ny Konfirmasjonstid

Velkomen til opplegget som dei andre konfirmantane i Øvre Telemark deltek i. Det er kalla «Ønsket og Elsket». Vi var med for fyrste gong i fjor. I lag med konfirmantkull frå heile prostiet deltek vi på ei veke med leir på Gjennestad videregåande skule på starten av sommaren. Konfirmantar frå Sauherad, Notodden, Hjartdal, Kviteseid og Tokke skal Vinje, Grunge, Rauland og Øyfjell også få vere med. Det blir om lag 200 ungdommar som skal samlast til ei hektisk men moro veke, med mykje leik, livsglede og undervisning.

De må melde deg på konfirmantleiren "Ønsket og Elsket" også, i tillegg til den lokale påmeldinga i Vinje,  innan 1. mai!

De kan nytte denne lenka for å melde dykk på leiren:

http://ovretelemark.dnn2.labora-portal.no/ØnsketogElsket

Leiren utgjer om lag halve konfirmasjonsundervisninga. Det tyder at det blir nokre færre samlingar gjennom året fram mot neste vår. Konfirmantane våre vil framleis vere tilstades på og vere med på å halde gudstenester gjennom året i 2018 og 19.

Vi vil oppmode kyrkjelydene våre i Vinje til å vere med på å støtte konfirmantane våre. Konfirmasjon er ei familiehending som er flott. Samstundes er det også ei viktig hending i kyrkjelydene våre. Kvar sundag bed vi for konfirmantane våre, somme gonger deltek dei. Det er veldig flott om mange kjem på dei gudstenestene der ungdommen deltek, til dømes samtalegudstenesta, det syner at dei vert akta som verdifulle for oss. Til sist oppmodar vi også kyrkjelydene våre til å hugse på ungdommen i bøn gjennom året. Konfirmantåret i kyrkja vår skal vere ein skatt og ei kjelde å ha med seg vidare i livet.

Påmelding til konfirmasjonstida i Vinje finn de:  her


Del denne artikkel på e-post