Tilsetjing av ungdomsprest

Tilsetjing av ungdomsprest

Ruth Miriam Varhaug vart måndag 27.02.2017 tilsett som ny ungdomsprest.

Ruth Miriam er frå Holum , ei mil nord for Mandal. Ho vart måndag tilsett som ungdomsprest i Tokke og Vinje. Ho har enno ikkje formelt svara at ho tek stillinga , men vi har god von om at ho vil.

Akkurat no er ho i Tokke og Vinje og gjennomfører sin siste praksisperiode i samband med at ho er ferdig utdanna teolog no til sumaren.

Ruth Miriam voks opp på ein gard som driv med mjølkeproduksjon. Ho er godt kjend med landbygda og ho fortel at det heile tida har vore eit ynskje og eit mål å vere prest på bygda.

Som ungdomsprest vil ho få ansvaret for å fylgje opp trusopplæringsplanen som handlar om å vere ein ressurs og å ha oversikt og samarbeide om alt arbeid som vert drive for dei mellom 0 og 18 år. Det vil og seie at ho vil ha hovudansvar for konfirmantopplegget.

Elles vil ho delta i vanleg presteteneste saman med dei to andre prestane.

Dette har vi sett fram til og gler oss veldig over , og vonar ho vil trivast hjå oss. Ho tek truleg til 1.august.

 


Del denne artikkel på e-post