Sundagsskulen

Sundagsskulen

Sjå oversikt over sundagsskulen ulike stader.

Edland

Sundagsskulen har møtestad på Edland skule.
Vi har oppstart i september.

Det er sundagsskule dei sundagane det ikkje er gudsteneste i Grunge kyrkje.
Sundagsskulen byrjar kl. 11.00, og er eit tilbod til born frå 2-3 år og oppover

Hjarteleg velkommen!


Kostveit

Sundagsskulen held til i skulestoga på Kostveit.    

Kontaktperson for sundagsskulen på Kostveit:
Åsne Synnøve Kostveit - tlf 930 04082


Rauland

Rauland sundagsskule har samling på Heimdal i Krossen annankvar sundag frå kl. 17.00 til 18.00
Samlingar 24.sept. 2017.
Aldersgrupper: 4-8 år. (Gullivergjengen) og 9-12 år (Tårnagentar)
Aktivitet: Forteljiong frå bibelen med ulike formidlingsmåtar , song med og utan rørsle, undring og leik med ulike oppgåver + biteti.
Foreldre er veldig velkomne til å vera med.

Helsing leiarane

Kontaktperson for sundagsskulen på Rauland: Sigrid Nykos - tlf 913 06472


Øyfjell

SPRELL LEVANDE

Kjære alle samen!

Vi vil få ynskje velkommen til sundagskulen. Dette er ei samling for ungar frå 3 år og oppover.

Sundagskulen er eit tverrkyrkjeleg samarbeid. Samlingane er fordela mellom kyrkja og bedehuset på sundagar kl. 11.00

Ei samling varer ca ein time der me har:

  • bibelforteljing
  • sang
  • leik

Me ser fram til å starte oppatt og håpar at mange vil finne vegen til sundagskulen i år også.

Me håpar på å sjå deg!

Helsing oss i sprell levande

Nunna- Åse Marit- Åse Anita- Gudny


Del denne artikkel på e-post