Vedtekter for kyrkjegardane i Vinje kommune

Vedtekter for kyrkjegardane i Vinje kommune

Gjevne i medhald av lov av 7.juni 1996 nr. 32 om kyrkjegardar, kremasjon og gravferder (gravferdslova).

Godkjent av Agder og Telemark bispedømeråd 22-05-2008.

§1           Kyrkjegardstilhøyring

Avlidne personar innan kommunen skal gravleggjast på den kyrkjegarden dei soknar til, forutsett at dei ikkje blir gravlagt i ein annan kommune.  Dette gjeld og sjølv om avdøde på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i eit anna sokn eller annan kommune mot slutten av livet.

I serlege høve kan kyrkjeleg fellesråd gjera unntak.

§2           Fredingstid og festetid

Fredingstid for urnegraver er 20 år.

Fredingstid for kistegraver er 30 år på alle kyrkjegardar .

Unntaket er Møsstrond kyrkjegard som har fredingstid på 40 år .

 §3           Feste av grav

Fri grav fyrste 30 åra, som også er fredingstida for graver på dei fleste kyrkjegardane i Vinje.

Deretter ei årleg festeavgift, som vert innkravd for ein tiårsperiode av gongen, så lenge festaren ynskjer å behalde grava.

Når festetida går ut, skal festaren få varsel. Slikt varsel skal gjevast minst 3 mnd.  før forfall. Dersom festet ikkje er fornya innan 6 mnd. etter forfall går gravstaden attende til kyrkjegarden.

Festaren pliktar å melde om rett adresse.

§4           Grav og gravminne

Ved opning av grav kan jord leggast på omkringliggjande graver. Gravminne med tilhøyrande utstyr kan også mellombels bli flytt. Tilsette ved kyrkjegarden har ansvaret for at alt blir sett i stand att og at grava bli planera og sådd til etter gravlegging.

Montering av gravminne kan ikkje gjerast før tidlegast 4 mnd. etter gravlegging av kiste, men i alle høve ikkje på tela mark.

I mellomtida ordnar tilsette ved kyrkjegarden med eit merke som har avdøde sitt namn påskrive.

På ny festa gravstad plasserast gravminne sentralt i bakkant av gravstaden.

Bruk av fast dekor blir ikkje tillate. Eks. fastmontert lykt, duve og liknande, jamf § 22 i Forskrifter til gravferdsloven.

Det er høve til å tenne stearinljos og oljelampe (integrert oljetank) på grava.

Det er ikkje høve til å setja opp gravminne utan sokkel.

§5           Plantefelt

 Framom gravminne er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgde med bakken omkring. Plantefeltet kan ikkje vera breiare enn gravminnet, men kan i alle høve vera 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lengre fram enn 60 cm, målt frå bakkant av gravminnet.

Plantene på grava må ikkje vekse over gravminnet si høgde eller utover bredda av plantefeltet.

Etter godkjenning av tilsett ved kyrkjegarden eller kyrkjeverja kan plantefeltet rammast inn med ein spesiell type kantstein.

Bruk av fastmontert dekor i plantefelt som blomsterurne, lykt, duve og liknande blir ikkje tillate.

Planter eller ting som er plassert på grava, men som er i strid med § 5, kan bli fjerna utan varsel.

§6           Plantemateriale

 Planter, kransar og liknande materiale som brukast ved gravferd eller pynting av grav og som endar som avfall, skal vera fullt ut komposterbart.

Kransar / blomar kan bli fjerna frå grava etter ei veke, eller før, dersom dei er visna. Dette blir gjort ut frå kyrkjegardstilsette sitt skjønn.

§7           Stell av grav

Ein kvar person som festar gravstad eller har ansvaret for fri grav har rett og plikt til å stelle den grava han har ansvaret for.

Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt av den som har ansvaret eller av festaren, blir sådd til av tilsette ved kyrkjegarden.

Kyrkjeleg fellesråd kan taka på seg årleg planting på grav mot betaling på forskot.

 §8           Avtale om stell av grav. 

Ved innbetaling av ein viss sum frå ansvarleg for frigrav eller festar, kan ein inngå avtale om stell av gravstad med kyrkjegardsforvaltinga. Kyrkjegardsforvaltinga tek over ansvaret for planting og stell av gravstaden. Avtale om stell av gravstaden skal forvaltast av kyrkjeverja. Summen som er betalt inn saman med opptente renter dekker utgiftene til vanleg stell av gravstaden for eit fastsett tidsrom. Avtale om stell av grav kan ikkje opprettast for lengre tidsrom enn festetida for same grav.

Dersom det i avtaletida skulle verta slike økonomiske endringar at midlane ikkje strekk til, skal kyrkjegardsforvaltninga gjeva melding til den som er ansvarleg for gravstaden eller festaren.

Det er då høve til å auke avtalesummen slik at det varer tida ut. I motsett fall vil vedlikehaldet ta slutt når midlane er oppbrukt.

Skulle det vera midlar att når avtalt tid er ute kan slike midlar nyttast av kyrkjeleg fellesråd til generell prydnad av kyrkjegarden.

Det skal førast eige rekneskap for kvar avtale. Rekneskapet skal reviderast årleg. Det er høve til å rekne ein viss provisjon for administrasjonen av avtalesummen.

§9   Bårerom

Båreromet blir disponert av kyrkjeleg fellesråd og skal bare nyttast til å taka vare på avlidne fram til gravferda. Ingen har tilgjenge til båreromet utan løyve. Liksyning kan bare finne stad etter samtykke frå den som står for gravferda og vedkjem ikkje dei tilsette ved kyrkjegarden.

§10 Orden

 Etter stell / vedlikehald på gravene må alt avfall takast vekk og leggjast på tilvist stad. Reiskap som tilhøyrer kyrkjegarden skal setjast attende på plass etter lån. Alle som har ansvar for graver, pliktar å rette seg etter pålegg frå kyrkjeverja.

§ 11 Ansvarstilhøve

Fellesrådet er ikkje ansvarleg for skade på tredje person sin eigedom som skuldast bruk av maskiner og utstyr på kyrkjegarden, med mindre det er vist aktløyse frå kyrkjegardstilsette.

************


Del denne artikkel på e-post