Vinje kyrkjelege fellesråd > Artikler > Nyheter

Konfirmasjon - Kva og for kven?

Konfirmasjon - Kva og for kven?

Bli med på ei spennande reise fram til den høgtidelige konfirmasjonsdagen.

Du er velkommen som konfirmant i kyrkja uansett om du trur, tviler eller bare er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får anledning til å utforske nokon av livets mange spørsmål saman med andre. Vi snakkar om livet - på godt og vondt. Samtidig får du mange nye oppleving.

Konfirmasjonen er ei forbøns- og velsignelseshandling. I tidligare tider var sjølve konfirmasjonshandlinga ei offentleg stadfesting på at konfirmanten ville leve som kristen. Sjølve konfirmasjonen er en forbønnshandling som ikkje forutset noko bekjenning fra konfirmantens side. Ordet "konfirmere" betyr "bekrefte". I Den norske kyrka understrekast at det er Gud som bekreftar sine løfter. Ved å delta i konfirmasjonstida kan den unge erfare, reflektere rundt og bli styrka i trua og si tilhøyre til kyrkja. I den avsluttande konfirmasjonsgudstenesta blir det bedt for konfirmanten, og kyrkja bekreftar at den unge er døypt til liv i Kristus. Konfirmasjonstidas basis er dåpen på same måte som for trusopplæringa for øvrig. Også unge som ikkje er døypt er velkommen til å delta i konfirmasjonstida. Kvart år blir 1200 - 1400 døypt i løpet av konfirmasjonstida og kan dermed la seg konfirmere.

Dåp i konfirmasjonstida

Dåpen er en føresetnad for å delta i den avsluttande forbønsgudstenesta. Slik understrekast dåpens grunnleggande betyding for tru og tilhøyrighet til Kristus og kyrkja. Konfirmasjonstida er åpen for både døypte og udøypte ungdommar. For unge som ikkje er døypt, ønskjer kyrkja i konfirmasjonstida å veileda den unge i en prosess til et sjølvstendig val i forhold til tro og dåp.

Meir enn undervisning 

Konfirmasjonstida inneberer fortsatt utfordring og anledning for den enkelte konfirmant til å bekjenne trua. Hovudtemaet er Guds stadfesting av den enkelte konfirmant i trua og i livet. Konfirmasjonstida ei læretid med ei rekke muligheiter for involverande arbeidsmåtar som samtalegrupper, leiropphald, solidaritetsarbeid, oppgåver i kyrkjelyden og meir tradisjonell undervisning.

Konfirmasjonstida går som oftast over eit semester mens de unge går i 9. klasse. Presten eller andre medarbeidarar leiar kyrkjas konfirmasjonsundervisning.
Meir informasjon om konfirmasjon og konfirmasjonsførebuing finnes på www.kirken.no.

Individuell tilrettelegging

Alle har rett til ei god konfirmasjonstid. Om du har behov for tilrettelegging, tar du og familien din kontakt med kyrkja di. Invitasjon til konfirmasjon vert sendt ut i posten til kvar enkelt.


Del denne artikkel på e-post